Knut Haugsjå AS er eit tradisjonelt maskinentreprenørfirma med base i Treungen, Vest-Telemark. Vi har 40-45 dyktige medarbeidarar og 35 års erfaring i bransjen.
Vi har totalstasjon, GPS, maskinstyringer, laserar og ein stor og moderne maskinpark, som passar til våre oppdrag.

Arbeidsområde er sprengingsarbeid, graving, masseforflytting, kommunale anlegg, anleggsgartnararbeid etc., samt levering av pukk, grus og jord. Vi har både private og diverse offentlege kundar (kommune, vegvesen, NVE). Omsettinga er på omlag 100 millionar i året. Geografisk område er for det meste Aust Agder og Vest-Telemark. Me har ein god samansetting av unge og erfarne medarbeidarar, og håper på mange utfordrande arbeidsoppgaver nå og i åra som kjem. Vårt mål er å være mest arbeidseffektive og ha dei mest moderne maskinene, i tillegg til å ligge føre konkurrentane våre i teknologi og utstyr.